Eg sto visst eigentleg ikkje på vaktutkallinga, men sidan eg hadde lova resten av laget å ta med egg til frukosten hadde eg ikkje noko anna val enn å komma meg opp og dra til depot. Vel framme oppi spinaten og i full gang med steiking av egg og bacon viste det seg at me mangla ein viktig del av kjøkkenutstyret. På tross av rykte om at isskjei var det einaste ein mangla der oppe så klarte me nemlig ikkje å lokalisera steikespaden. Dette på tross av at med aktiviserte heile vaktlaget til å utføra punktsøk i alle skap og skuffer. Kniv og skjerefjøla glimra og med sitt fråvær, og når AL har dradd med seg ein svær kloss med bacon er dette og nødvendig utstyr. Etter kvart blei søketeig oppvaskmaskin utdelt. Der kom vårt første og einaste funn, det var der knivane og skjerefjøla gjømte seg. I tillegg fant me noko uventa. Ikkje bare var dei nemnte knivar og skjerefjøla der, men mellom glas og tallerkar låg den her:
Nokon trenger tydeligvis en oppvaskmaskin-utsjekk. Etter kvart avslutta me aksjonen sidan alle søketeigar var avsøkte med finsøk minst to gonger, og me begynte å leita etter alternative metodar for å få snudd egga i staden. Frukost skulle me ha okke som, og sidan både kniv og skjærebrett var lokalisert var det bare å setja i gong bacon-strimlinga og få fart på egga.